FOTO: John Andresen

FREDRIK STEEN


Fredrik Steen (f. 1969) har meir enn 30 års fartstid i den norske underhaldningsbransjen - både som stand-komikar, skodespelar og songar.


Sunnmøringen var blant dei første som heiv seg på den nye standup-bølga som skaut fart på byrjinga av 1990-talet, og han har turnert over heile landet med sin underfundige og skarpe observasjons-humor, deriblant med fire soloproduksjonar.


Fredrik er også er mannen bak revyfiguren Hildegunn Moltubakk - og saman med makker Ørjan Liavåg (Leif-Per) står dei to for ein av landets største revysuksessar i nyare tid. Hausten 2024 gjer Hildegunn & Leif-Per comeback på Løvenvold Theater i Ålesund, og deretter vert det stor kulturhusturné over heile landet. 


Den allsidige artisten har også lang erfaring som konferansier og seminarleiar, og er ei hyppig brukt stemme i animasjonsfilmar og TV-seriar. 


Steen snakker kommentatorspråket flytende og utviser fantastisk og voldsomt engasjerende faktekunst. Til og med blikkene mens han observerer «spillet» er henrykkende, omsorgsfullt og medrivende oppøsende. Sunnmøringen kunne skapt flammende entusiasme rundt både bussventing, potetskrelling og panteautomater. Send ham gjerne til OL.

Frå VG si anmelding av TV-serien "Match" på NRK

Med stand up-sjangeren som reiskap gav humoristen folk godt og vel ein time som svinga frå den eine befriande gapskratten over i den andre, toppa med skarpe og satiriske kommentarar og resonnement til ettertanke.


                               Sunnmørsposten

                                 (anmelding av "Gi labb")